Svolt - det som blir att kan villdyra ete
Ein litterær antologi med nyskrivne tekstar. Skrivekunstkademiet i Hordaland har gjennom 30 år vore landets viktigaste institusjon for utdanning av nye norske forfattarar. Ei rekke av landets fremste samtidsforfattarar frå Karl Ove Knausgård til Gunnhild Øyehaug og Tomas Espedal har vore tilknytt skriveskulen på Verftet i Bergen. Vi markerer jubileet med ein litterær antologi med nyskrivne tekstar. Samlinga inneheld både skjønnlitterære bidrag og essay om litteratur, som samla er ein sterk manifestasjon av korleis skrive og tenke rundt litteratur i Noreg i dag. Blant bidragsytarane er Thure Erik Lund, Pedro Carmona-Alvarez, Cathrine Knudsen, Ingvild Schade, Tormod Haugland, Lars Petter Sveen, Mette Moestrup, Tone Hødnebø, Tore Vagn Lid, Øyvind Rimbereid, Anne Helene Guddal mfl.