Symra : den blomen du elska : dikt ; Kornmoe : vers og visor
Kva er ei bok?Den innste krokav ei sjel i brann,eit vågemod som vannkaste alle bruir avog sjå ned i si eigi grav.Ein helvits-angst, ein lukkedraum,ein leik på livsens æve-straumimillom blåe himmelhavetog det svarte slimdyrkavet;heidersgjest i Gimles salareller gløymd i båredalar!Barn av ånd i kjøte bore,eit hjarta ut av bryste skore,eit skrik frå livsens løynde grunnar;ein elskarkyss på blome-munnar;ein rus imillom eldarpå dei store festens kveldar!Frå «Impromptu», Symra