menu-bar All the categories

250,00 kr 217,00 kr

Eit gullbryllaup er ei stor hending! Det er tankefullt også - å få oppleva det. Det er mange fine minne som ligg der, attom oss - saman med nokre undrande tankar. Kva var det? Det som gjorde at nettopp me to, kvar dag fekk kjenna oss så intimt knytte til kvarandre. Og nettopp der - som så mange andre har måtta sleppa taket. Levde me livet vårt, berre som eit barnleg, forblinda par? Kom det aldri ein liten tvil - ein lengt, ein draum mot eitkvart anna? Nei - me kjende aldri nokon trong for å leita og tigga hjå andre, det var så mykje meir - og annleis og finare, det som styrkte banda mellom oss. Særleg den storsinna rausheten som eg opplevde, då eg ikkje greidde å gjere om til inkjes dei fine kjenslene eg framleis bar på, frå mi fyrste forelsking - eg kunne ikkje, eg ville ikkje gløyme « - ho som var den første til å røre ved mi sjel!» Denne rausheten skapte den trygge tilliten - dette ulasteleg fine, som med åra blei så sams og felles for oss begge. Ei fin og ærleg erkjenning var det -