Skjeldal har samla dei beste avistekstane sine om idrett frå det siste tiåret, og lagt til nokre nye, særleg om kor viktig erfaringa av nederlag er i all idrett. Han skriv: «Utviklinga har gjort amatør til eit skjellsord. Slik treng det ikkje vera. Kanskje er proffen og amatøren nærare forbunde enn vi vanlegvis tenkjer. Ord er vesentlege ? også når det gjeld noko så kroppsleg og språklaust som sport.»