menu-bar All the categories

249,00 kr 234,00 kr

Da Tarjei Vesaas døydde i 1970, vel 72 år gammal, let han etter seg ein av dei mest sentrale forfattarskapane i norsk litteratur. Bøkene hans ble omsette til ei rekkje språk, og han er ein av dei få norske forfattarane i etterkrigstida som har vunni seg eit internasjonalt ry.Tarjei Vesaas budde i Vinje i Telemark og heimstaden ligg som ein grunnvoll under alt han skreiv. Men i diktinga sprengjer han lokal grenser og stiller til kvar tid dei avgjerande spørsmåla i livet. Nye lesarar blir stadig fanga inn av det hemmelege spelet i diktinga hans. Han kjende godt til angsten og avgrunnane i menneskesinnet, men også til kjærleiken og draumen. I spenningsfeltet mellom desse kreftene skaper Vesaas bruer mellom menneske, bruer for liv. Men kven var diktaren sjølv? Han som sa at han stod i bøkene sine i alle slags forkledningar?Olav Vesaas, son til diktaren, har leita bak forkledningane, granska ukjent materiale og har med den nære kjennskapen han hadde til far sin, skrivi ei eineståande innfør