Taxi for B.A. Beckström, eller Kunsten å danse på furu
B.A. Beckstrøm er 92 år gammal. Han gjer ein dårleg figur i kassa på Rimi. Vel heime ringer telefonen for første gong på tre veker. Samstundes ser han slitasje i furugolvet som han alltid har trødd på med den største varsemd. Då bestemmer han seg endeleg for å gjere den reisa han har utsett i femti år. Han skal innom huset der han trur den store kjærleiken i livet hans bur. B. A. Beckstrøm skal heim til jul. Det er like før han snur når han ser at det er Ali som køyrer drosja. Men ting går seg til. Saman legg dei ut på den store julereisa.