Forfattarane skriv ei filosofihistorie for den vidaregåande skulen etter den nye læreplanen i filosofi som er gjort gjeldande frå juli 1998. Boka representerer ein freistnad på å kombinere den tradisjonelle filosofihistorisk orienterte undervisninga med ein framtillingsmåte som legg meir vekt på dei systematiske sidene ved filosofien. Dette inneber at faget vert inndelt i emneområde (etikk, estetikk, epistemologi, logikk, vitskapsfilosofi) der dei ulike områda vert definerte med utgangspunkt i deira særeigne problem. På denne måten ynskjer forfattarane å setje dei filosofiske problema i sentrum for faget, og særleg slike filosofiske problem som har relevans i vår tid. i samsvar med den nye læreplanen vil forfattarane også legge større vekt på ikkje-vestlege filosofiske straumdrag enn det som har vore tilfellet tidligare. Boka vil passe godt til prosjekt- og gruppearbeid. Hermod Slaatelid har vore lektor ved Voss Gymnas. Han har røynsle frå undervisning i filosofi både i den vidaregåand