Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 10 Lærarrettleiing er eit fellesspråkleg, spiralinnbunde hefte med arbeidsark til alle kapittel og til Verktøykas