menu-bar All the categories

239,00 kr 209,00 kr

EIT EG set seg føre å forsvinna. Han vil forlata heimen sin, kjærasten, byen der han vaks opp, foreldra og systera. Han vil pakka tinga sine, setja seg i bilen og køyra av garde.EIT EG er på veg vekk, men han stoggar bilen i vegkanten og får seg ikkje til å køyra vidare før han har møtt mora og systera, som nett no sit saman på ein benk nede ved ei elv attmed ein kyrkjegard. Han snur, køyrer attende for å møte dei ein siste gong. Eg forsvinn no, seier han.EIT EG er borte, og kjærasten, EIT ANNA EG, sit att i heimen deira, utan noko forvarsel og utan nokon svar.Tid for glede er eit stykke om oppbrot, einsemd, om å høyre til og å høyra saman, om tilgjeving, og om kven vi er for kvarandre.«... et sprudlende mesterverk. Tid for glede er en stor begivenhet i norsk teater. Dette er dramatikk som er skrevet for å holde i hundre år.» Per Christian Selmer-Anderssen, Aftenposten (Terningkast 6 - fra anmeldelsen av teaterstykket på Det Norske Teatret)«Bravo! Eg trur eg har sett årets beste framsy