Munnlege tekstar er best i lydform! Denne CD-en inneheld lydeksempel til bruk saman med boka Tid for tale - munnleg norsk i skolen. Eksempla er henta frå profesjonelle innlesingar av prosa og lyrikk, utdrag frå radioprogram og debattar, samt autentiske opptak i klasserommet. Her kan du sjå og høyre korleis bok og CD kan brukast saman! Klikk på megafonikonet over for å høyre spor 25 på CD-en.Utdrag frå kapittel 4 i boka, analyse av korleis barn fortel:Når barn i førskole- og småskolealder fortel, spelar dei ofte på eit større ikkje-verbalt uttrykksregister enn dei eldre barna. Dei karakteriserer situasjonar og personar på ein meir levande og variert måte, noko som historiene om «De tre cola-flaskene» er eit godt eksempel på.Begge forteljarane hentar innhalds- og formelement frå eventyret «Dei tre bukkane Bruse» når dei fortel sine munnleg traderte versjonar. Guten på seks og eit halvt år er den som har ein klårast struktur på forteljinga, som har med seg mest av in