Til Himmels - Med Gangar Og Pols
Det gneistrar når folkemusikken og kyrkja møtes! Gneistane frå Ål har spreidd seg og gjeve glød til det kyrkjelege livet utover i Norge. CD-en Til Himmels - Med Gangar Og Pols er ein dokumentasjon av prosjektet Folkemusikk og gudsteneste, -tradisjonar og nyskaping, og inneheld ei rekkje både gamle og nykomponerte melodiar som ikkje før er gjeve ut. Utgjevinga viser tonen, og spennet i det vare og det storslagne i folke- musikken. Bukkehorn og lur, trekkspel, fele og kyrkjeorgel er balsam for sjela når det blir sett i lag, og musikken kan fløyme. Det er den lokale musikaren og komponisten Jo Asgeir Lie som har komponert messeledda, og det tette samarbeidet med organist Audun Flaen har ført til musikk av beste slag. Lytt til eit unikt møte mellom topputøvarar frå folkemusikken og kyrkja i Ål! Medverkande på Til Himmels - Med Gangar Og Pols: Jo Asgeir Lie (trekkspel), Audun Flaen (kyrkjeorgel), Margit Myhr (song, langeleik og lyre), Per Oddvar Johansen (perkusjon), Eilif Gundersen (seljefløyte, lur og bukkehorn), Audun Moen (song), Ingunn Stræte Lie (trekkspel), Ragnhild Jepsen (song), Håkon Tveito (klokker) og Kvarts, som forutan Jo Asgeir Lie består av Øystein O. Rudi (fele og hardingfele), Tom Willy Rustad (kontrabass), Olav Luksengård Mjelva (fele) og Erlend Styve (gitar). I tillegg medverkar ei vokalgruppe med songarar frå Ål.