Disc 1 Hybrid SACD MCH 5.0 DSD Stereo DSD RedBook PCM: MQA CD Disc 2 Pure Audio Blu-ray 2.0 LPCM 192/24 5.0 DTS HDMA 192/24 7.0.4 Auro-3D 96kHz 7.0.4 Dolby Atmos 48kHz mShuttle: MQA + FLAC + MP3 Region: ABC - worldwide Tomba sonora er eit stadspesifikt prosjekt for Emanuel Vigelands Museum i Oslo, eit museum der mausoleet og gravstaden til Emanuel Vigeland er hovudattraksjonen. Mausoleet sin etterklang står sentralt i måten verka er blitt utvikla, like eins som gravkammeret sine eigenfrekvensar og overtonane frå desse som blir brukt aktivt i det musikalske materialet komponert av Kristin Bolstad. Plassering av vokalistane og retninga på lyden har vore eitt av dei romlege verkemidla som blir brukt for å skapa ulike former for rørsle i musikken. Emanuel Vigelands Museum husar kunstnaren si urne, samt livsverket hans Vita – freskar som dekker det 800 m2 store rommet. Vita skildrar mennesket frå det vert til, og til inn i døden, der hundrevis av nakne kroppar i djup intimitet viser både ei darwinistisk side ved livet så vel som ei kristen framstilling. Slik Vigeland sine freskar dveler rundt tanken om at døden er ein føresetnad for liv, dveler dei musikalske verka rundt tanken om at stilla, eller ikkje-lyd, er ein føresetnad for lyd. Lange klangflater eksperimenterer med konsonans og dissonans saman med tolmodig handsaming av tid, der målet er å gje lyttaren ei unik og spesiell oppleving der musikk og rom speglar og forsterkar kvarandre. Dei akustiske høva er ein sentral del av den fleirsanselege opplevinga av mausoleet, som saman med ei dunkel lyssetjing, kjøleg temperatur og høg luftfukt gjer ein kjenslevar for korleis lyden oppfører seg i rommet. Utan vindauge, og med harde flater i stein, blir lyden reflektert frå alle stader og legg seg ikring ein – til tider med ei overveldande kjensle. Lydbølgene får lite motstand og tapar seg sakte mellom flatene, og skapar med det ein rik og langvarig etterklang. Entreen er gjennom ei smal og låg døropning som gjer at ein må bøya seg i det ein stig inn under urna med oska av Emanuel Vigeland plassert over døra. Denne påkravde respektfulle gesten fører ein inn i dette heilt spesielle rommet. Det musikalske samspelet blir i høgste grad påverka av etterklangen og gjer at melodi og fraser må vera tilpassa denne, då det kan vera utfordrande å høyra seg sjølv og andre. Den lange etterklangen tvingar ein ned i tempo og dynamikk, krev mjukare ansats og artikulasjon, og ikkje minst tolmodig lytting. Dei rike akustiske høva i rommet gjev utøvarane eit utfordrande utgangspunkt. Den oppfatta etterklangen er målt i sekund i ein akustisk parameter som seier noko om kor lenge etterklangen varer, på engelsk kjent som «Early Decay Time (EDT)». Den vanlege etterklangstida i ein konsertsal er i spennet 1-3 sekund. I mausoleet i Emanuel Vigelands Museum er denne parameteren målt til 13 sekund. Ein blir audmjuk i eit slikt rom. Alt tek tid. Rommet krev at alt tek tid. Det same krev stilla av oss. Vår oppleving av tid heng...