Sunnfjord strekker seg mellom Jostedalsbreen i aust og havnære toppar i vest. I denne boka blir du guida til 67 av dei flottaste toppane, og du kan velje mellom 136 ruter i Førde, Gaular, Naustdal og Jølster. Sunnfjord byr på snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. Blant toppane finn du dessutan nokre av Nikolai Astrup sine kjende fjellmotiv. Toppturar i Sunnfjord presenterer ei rikhaldig breidde av vegval til kjende klassikarar og heilt «nye» toppar og ruter, eksponerte renner og gode nybyrjar- og familieturar.