menu-bar All the categories

262,00 kr

Helge Torvund fyller 70 år 20. august 2021.
I den samanheng gir Aschehoug ut 'Lyset du treng finst' - Dikt i utval.
Tidligare forlagssjef Trygve Åslund har stått for utvalet i samarbeid med forfattaren.

Sidan 70-talet har Torvund publisert ei mengd bøker i ulike sjangrar.
I 2011 kom han til Aschehoug og gav ut 'Alabama?' Den neste samlinga,
'Alt brenner', vekte stor fagnad hjå kritikarane og hausta fleire 6-arar og mykje merksemd hjå lesarane. Samlingane 'Tidslys' og 'Liljevilje' stadfesta Torvund sin posisjon som ein av dei mest populære poetane våre.

'Lyset du treng finst' hentar i hovudsak dikt frå Torvunds seinaste samlingar, men eit kresent utval dikt frå tidlegare samlingar er òg med. I tillegg er det gitt plass til eit titals nyskrivne dikt.

«Helge Torvund har eit sterkt menneskeleg nærvær og eit nærmast fullstendig musikalsk gehør i diktinga si. ... Kvaliteten på tekstane som har kome med, er strålande.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen