menu-bar All the categories

299,00 kr 260,00 kr

Melancholia, For seint, Morgon og kveld Jon Fosse har skrive tre librettoar, alle tingingsverk, mellom anna librettoen Melancholia, tinga av Wiener Festwochen og urframført på Garnier-operaen i Paris. Den librettoen byggjer på romanen Melancholia I. Librettoen Morgon og kveld byggjer på romanen med same tittel, og vart urframført på Royal Opera i London hausten 2015. For seint er ein libretto der Jon Fosse skriv, utan tilknyting til bestemt tid eller stad, om korleis det går med ei kvinne som forlét mann og born, altså eit slags framhald av Et dukkehjem utan beinveges tilknyting til personane hos Ibsen. Operaen vart urframført i Beijing våren 2013.