menu-bar All the categories

379,00 kr 332,00 kr

Ei kvinne har vore gjennom ein lang adopsjonsprosess. I postkassa ligg eit brev som skal endre livet hennar. Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt. Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv. Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida. I «Tre vegar til havet» skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.