Tre venner (1914) har ikkje berre dei tre unggutane Hemming, Edvin og Iver som hovudpersonar, men òg syster til Iver, Marta. Med stor innsikt i det umedvitne skilrar Duun den tette vennskapen og korleis han blir truga av rivalisering, farsopprør og fiendskap. Ikkje minst blir forholdet til Marta og lagnaden hennar avgjerande, både for kvar og ein av dei og for samholdet i flokken.