menu-bar All the categories

439,00 kr 350,00 kr

«Trondheims sjel er lave hus i tre.» Dette sa dåverande ordførar i Trondheim Anne Kathrine Slungård etter at eit trehuskvartal i Nordre gate brann ned til grunnen i 2002, og la til: «Den nye bebyggelsen bør være slik vi kjenner Trondheim; lav og i tre.» I tida etter brannen blussa debatten om Trondheim si sjel og sine trehus opp, som den hadde gjort så mange gongar før dei siste seksti åra. Skulle ein byggje nytt og moderne, eller skulle ein prøve å gjenskape den sjelasom gjekk tapt? Skulle ein byggje i tre eller i glas, stål eller betong? Skulle ein bygge høgt eller lågt? Arkitektar, planleggjarar, kulturminneforvaltarar, politikarar, næringsdrivande og «vanlege» innbyggjarar i byen hadde mange og ulike meiningar. I tidlegare debattar om byutviklinga på Bakklandet, Møllenberg, Svartlamoen og ikkje minst i Midtbyen har spørsmålet vore: Skal husa stå eller rivast for å gjere plass til nye bygningar eller vegar? I boka Trebyen Trondheim modernisering og vern tek Dag Kittang for seg bypla