Tredje gongen og andre fortelingar
I 1976 samla professor Bjarte Birkeland dei mange forteljingane som Duun hadde publisert i ulike blad over eit langt tidsrom, men ikkje tatt med i noka bok, med tittelen Tredje gongen og andre fortelingar. Dei har vekslande preg og kvalitet, med skiftande stoff og skrivemåte. Den eldste er utgitt alt i 1897, den siste frå 1939, og såleis spenner dette utvalet ut over dei rammene vi elles kjenner for hans verk.