Tru og tanke 2014 er ein revisjon av Tru og tanke frå 2008. Læreboka presenterer fagstoffet med døme og teori på ein strukturert måte, og biletmaterialet er nøye utvald for å auke forståinga av religionane. Boka inneheld nyskrive stoff om blant anna endringar i det religiøse landskapet, ny religionskritikk og religionspolitikk, utviklinga i den muslimske verda og handsaminga av etiske problemstillingar. Læreboka har eit rikhaldig utval av nylagde arbeidsoppgåver som øver grunnleggande evner samstundes med fagstoffet.