menu-bar All the categories

399,00 kr 347,00 kr

Tvangsevakueringa frå Nord-Troms og Finnmark var ikkje først og fremst militær taktikk. Hitler gav befaling om å føre bort heile befolkninga. Operasjonen retta seg mot dei sivile, for ein stor del barnefamiliar. Boka dokumenterer inngåande bakgrunnen for tvangsevakueringa, planlegginga, og gjennomføringa hausten 1944. Deportasjonen frå det nordlegaste Noreg blir sett i samanheng med deportasjonane frå Aust-Europa under den tyske retretten. I Noreg spela raseførestillingar om samane og «blandingsbefolkninga» inn. Véret var godt brannhausten 1944, men påkjenningane var harde. Folk hadde tapt heim og samfunn og vart transportert ut i uvissa, i lasterom, på dekk og gjennom provisoriske transittmottak. Mange døydde, særleg spedbarn. Epidemiar spreidde seg. Eit spørsmål blir korleis fleirtalet av dei tvangsevakuerte likevel klarte seg, og korleis dei prøvde å halde saman undervegs. Boka behandlar transportane av sjuke og gamle, og det store, konfliktfylte hjelpearbeidet nedetter landet. I de