«No seer eg atter slike Fjøll og Dalar, / som deim eg i min fyrste Ungdom saag». Med slike linjer har Vinje skapa seg ein plass i norsk litteraturhistorie og i hjarta til dei mange som har sett pris pa. ordkunsten hans. Diktet som blir innleia med desse linjene, er mellom dei mange tekstane som blir undersøkte i denne boka. Aasmund Olavsson Vinje levde fra. 1818 til 1870. Han blei fødd i Vinje i Telemark, men levde det meste av livet sitt i hovudstaden der han etablerte seg som diktar, journalist og redaktør. Etter kvart blei han ein pione.r for det nynorske skriftspra.ket og synte publikum korleis dette kunne nyttast i diskusjonar og skildringar av alle slag, og med sine lyriske dikt kunne han røre lesarane sine pa. ein ma.te som fa. andre norske forfattarar har evna. Denne boka er basert pa. ein stor konferanse i 2018 ved Universitetet i Søraust-Noreg - Bø som samla ei lang rekke forskarar med det for auge a. kaste nytt lys over Vinje. Dei 24 kapitla utforskar Vinjes liv og forfattar