Jorun Marie Kvernberg vart for alvor kjend med Aasmund Olavsson Vinje våren 2018. Den tvisynte landsmål-pioneren fylte 200 år, og det vart feira over heile landet. Ho sjølv sat passande nok i Ivar Aasen sine heimtrakter og dikta nye tonar til Aasmund sine evig unge dikt. Målet var Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i juli same år. Hit vart ho spurd om å ta med meg nykomponert musikk og handplukka musikarar for å lage ein konsert for born og unge – om og med Aasmund Olavsson Vinje. Resultatet vart barneframsyninga «På geitevis» med Unni Boksasp (folkesong), Daniel Herskedal (tuba), Dag-Filip Roaldsnes (piano) og meg sjølv på fele/ hardingfele/song. Tore Nysæther stod for manus og regi. Sidan levde dei ny-gamle visene våre vidare både i skulekonsertformatet og seinare i konsertversjonen som fekk namnet «Perleskum».