menu-bar All the categories

599,00 kr

Ullensvang er eit bokverk i fire band, og er ei vidareføring av bygdebøkene om Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit, som kom ut 1971 1974. Dette tredje bandet, Noregs frukthage, inneheld den ålmenne soga til Ullensvang herad. Kring 1950 levde fleirtalet av innbyggjarane av allsidig jordbruk, med både husdyr og frukt, der heile familien arbeidde i lag. I dag er det berre eit fåtal som er bønder på heiltid. Likevel har Ullensvang utvikla seg til å verta den største fruktkommunen i landet. Forfattaren fortel om dei store endringane i både jordbruket og i samfunnet elles. Dei ulike generasjonane sine livslaup har fått brei plass. Marta Gjernes, f. 1973, er historikar med hovudfag frå Universitetet i Oslo i 2002. Før ho vart tilsett som bygdebokforfattar, var ho stipendiat i historie ved Universitetet i Oslo. Ho har undervist i og skrive artiklar om nyare norsk historie, og skreiv dei to fyrste banda av Ullensvang-bøkene, Heimar og folk.