Ullensvang er eit bokverk i fire band, og er ei vidareføring av bygdebøkene om Ullensvang og Kinsarvik av Olav Kolltveit, som kom ut 1971 1974. Dette fjerde bandet, Frå fjell til fjøre, tek for seg dei nedarva stadnamna i Ullensvang herad. I det gamle bondesamfunnet trong dei mykje fleire stadnamn enn det ein nyttar i dag. Denne boka er ein dokumentasjon av ein stor del av dei namna som har vore i bruk i Ullensvang i området frå fjellegga til fjørekanten. Boka inneheld kring 13 000 namn, og i tillegg til namna er det ført opp uttale og opplysningar om namnetype, plassering i lendet, og hendingar og aktivitetar som informantane har kjent til frå stadene der namna høyrer til. Erlend Trones, f. 1980, er sakshandsamar, og arbeider som regionalt namneansvarleg i Statens kartverk. I tillegg til å redigera dette bandet, har han vore sekretær for den kommunale bygdeboknemnda som har fylgt opp arbeidet med Ullensvang-bøkene.