menu-bar All the categories

228,00 kr 198,00 kr

Korkje foreldra eller lærarane er heilt nøgde med den femten år gamle Eino, og ein dag innser han sjølv at det er på tide å få orden på livet. Musikk er den store interessa, og det høgste ynsket er å få seg gitar, eit ynske han får oppfylt. Eino får med seg gutane Tom og Osmo og jenta Teija og lagar band. Eino vil helst verte stor stjerne og fantaserer om sponsoravtalar, platekontraktar og eit hektisk turnéliv. Teija held fram andre verdiar og freistar få Eino bort frå dei egosentriske tankane. Fyrst trur dei bandet må ha eit internasjonalt namn, men møtet med dei strikkande kvinnene i lokallaget av Raudekrossen fører dei inn på andre tankar. Det endar med at heimleg ull vert både kostyme og namn på bandet. Esko-Pekka Tiitinen er utdanna førskulelærar og musikkpedagog.Han bur i Outokumpu i Nord-Karelen, der han teiknar og målar, musiserer og skriv bøker og dramatikk, mest for born og ungdom. For Ulltoppane fekk han Finlandiaprisen, den høgste prisen i Finland for barne- og ungdomsbøker