menu-bar All the categories

119,00 kr

Under brua er ein intelligent og usentimental kjærlighetsroman. Simon er ein skalla sogning med gjennomsnittskuk. Han er systemutviklar, godt etablert i hovudstaden, men si eiga utvikling har han lagt til side. Etter ei fuktig helg finn han ei fin bru og ei heilflaske whisky. Slik sluttar livet. Og slik begynner det, i ei sjukeseng. Sunniva sit der, ei ukjent kvinne med ei stemme som synest like ubrukt som stemma hans. Sunniva og Simon. Simon og Sunniva. Han kan ikkje hjelpe for det: Han skal sjå henne le. Simon og Sunniva er to skjøre eksistensar, i utakt med si eiga tid, på leiting etter ein stad å høyre til. Under brua er ein intelligent og sjarmerande roman, som med stort språkleg vidd skildrar ein kultur der menneske glir frå kvarandre snarare enn mot kvarandre.