menu-bar All the categories

149,00 kr 140,00 kr

Undis Brekke handlar om den 38 år gamle Undis Brekke som vender tilbake til heimbygda for å ta seg jobb som lektor i nordisk på høgskulen, endå ho er svært lei av studentar. Ho kjem akkurat i tide til å få med seg den årlege julemiddagen til høgskulens nordiskkollegium, og blir der konfrontert med ulike bitar av barndom, ungdom og tidleg vaksendom som ho har prøvd å feie under teppet. Svik, håp og angst, skrivesperre, kjærleik, mannlege og kvinnelege ekskjærastar, pms, barndomsvener og foreldre, får sine plassar i dette portrettet av ei kvinne som prøver å få hovudet over vatnet. Korleis stå opp for eigne verdiar, korleis sjå si eiga netthinne, korleis nærme seg si eiga mor, og korleis ete smalahove, er spørsmål romanen stiller.