Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag
Skriftleg kommunikasjon er blitt ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chat-grupper - for å nemna noko. Samstundes har mange av dei muligheitene som ligg i skrift til å lagra, sortera, vurdera og vidareutvikla kunnskap, ført til at skriving framstår som ein vesentleg kunnskapsstrategi og innovasjonsstrategi. Skriving er blitt viktig i alle fag - og i dei aller fleste arbeidssituasjonar. Skriving har altså fått ein sterk oppsving - og det har skjedd fort. Denne boka presenterer ei rekkje artiklar som alle kretsar kring utfordringar knytt til skriveopplæring og skriveforsking i dag. Artiklane drøftar mellom anna følgjande tema: - kva kunnskap har vi faktisk om barn og unges skriveutvikling i dag? - Korleis skjer eigentleg utviklinga? . kva inneber eit literacy-begrep tilpassa vår tid? - nettsamtalar og utvikling