Leikande og fantasifull forteljing Ein forfattar skal overvintre på eit fråflytta fiskevær på norskekysten, ein stad mellom Hustadvika og Ona fyr, for å skrive. Ein russar blir skylt i land og bryt inn i forfattarens sjølvpålagde isolasjon - og i forteljinga. Grete Kleppen er kjend som ein leikande og fantasifull forteljar. I Uventa vendingar møter du mange fargerike karakterar, som dei to rødhåra gutane som rømmer frå eit kafkaesk slott for å bli skodespelarar i Paris, spelaren Ashley som er på oppdrag for ein russisk riking, og den norske sjømannen som har hamna på ei paradisisk øy.