Då Synne kjem i puberteten, styrtar ho gjerne inn bak ei lukka dør på rommet sitt, for å få vere aleine med det ho ikkje ønskjer at dei vaksne skal røre ved: løyndommane jentene har mellom seg på skulen, ofte pakka inn i noko; ei låg røyst eller innsida av ei hand, eller ein lapp, hastig krølla saman og kasta bort på pulten hennar.I friminutta finn jentene glede i å kviskre og vere stinne av noko dei andre ikkje kjenner til, og samlar seg alle stader der dei kan styrte inn og hekte ein krok på døra; tronge båsar på toaletta, der det så vidt er plass til dei, og det nesten ikkje er luft igjen til gispa dei støyter ut når dei får sjå bildet som ei av dei har med seg, av ein gut i åttande.Dei veit ikkje heilt kva dei skal gjere med dei nye, yre kjenslene som har begynt å herse med dei: Som sjeldne fuglar kjem dei frå ein framand stad og sporar opp adressa deira med sikkert instinkt.Straks dei slår seg til, bruser dei med vengene og fører dei opp i lett luft, så dei ikkje lenger kjenner gr