menu-bar All the categories

289,00 kr

Valskyldskapane er noko så sjeldan som ein eksperimentell kjærleiks-roman frå starten av 1800-talet. Som ein av dei store romanane om ekteskapsbrot skapte han oppstuss, blei sett på som usedeleg og sett i samanheng med det lause og lystige livet ein meinte Goethe sjølv levde. Karakteristisk for Goethes verk er blandinga av litteratur med naturvitskaplege tema. I denne romanen ligg teorien om valskyldskapane av den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergman i botnen. Blant alle dei berømte verka sine såg Goethe sjølv på Valskyldskapane som det mest vellykka. Med denne romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på denne epoken. Johann Wolfgang von Goethe (1779-1832) er utan tvil den viktigaste forfattaren i tysk litteratur gjennom tidene, og han var ein sentral figu