I ei vakker og nådeløs forteljing med eit meisla språk, skriv Mathias Nyhagen Asplund historia om den unge mannen Halvor som skal finne vegen heim.Halvor har vore i krigen på sjøen, og skal gå hjem til den gravide kona si. Han vandrar over fjell og gjennom dal, han treff ei kvinne og ein mann som ber på kista med sonen sin, han møter dei to venninnene som har reist frå byen for å vere fri, han blir freista inn til ei ung kvinne og mora hennar som treng ein mann til å hjelpe seg. Dei kan fortelje at det finst bjørn i området, og at bjørnen er mannevond. Vegen heim er lang, og Halvor vandrar inn i tragedie, freisting, godhug og livsfare.vandre heim er Asplund si tredje bok.