Mari er 30. Ho har tilsynelatande alt på stell: solid familiebakgrunn, økonomisk tryggleik og eit godt nettverk. Likevel flyttar ho inn i kjellarleilegheita til foreldra etter studietida i Gøteborg. Vi følgjer Mari gjennom blikket til mora og faren, gjennom den gamle skulekameraten Håvard og gjennom den døde bestemora, som også er verneengelen hennar. I Vår vesle skriv dramatikaren Kristin Auestad Danielsen om ein tilstand som har fått større omfang i seinare tid. Unge menneske som ikkje skulle ha det vanskeleg, kjenner seg fullstendig overvelda av livet og kjem seg ikkje vidare. Er det tida som ikkje strekk til, er det strevet etter det perfekte, eller er det manglande evne til å finne jamvekt i livet som får det til å tippe?Vår vesle er ein roman om å flytte heim, starte på nytt, om saknet etter det som aldri blei noko av.