Rein tumla opp av søvnen og visste ikkje kor han var, hørte berre den ville remjinga rundt seg, rop, snerring. Han forsto at noko aldeles gale var i ferd med å skje; krøttera bortmed bergveggen var heilt ville, Ragge trell kom rennande med den svære kølla, prøvde å komme seg inn mellom hestane, hestane stegla og slo og vrinska, alt var berre forvirring og galskap. Så oppdaga Rein kva det var; ein grå skugge der mellom beina på hestane! Og ein til! Og enda ein! Varg!Ungguten rein Lodinsson har teke over som bonde på garden Vik. Snømengdene hindrar folk i å ferdast mellom gardane, men det viser seg likevel at det ikkje berre er ulven som trugar: Dei framande inntrengjarane er på ferde igjen. Rein får bruk for alt han har av mot og djervskap i striden, og er aktivt med då bøndene møtest for å finne ut korleis dei skal organisere seg mot fienden. Romanen hentar handlinga si frå norsk folkevandringstid, ei tid med store utfordringar for folket i bygdene i Trøndelag. Inntrengjarane har kome