menu-bar All the categories

1109,00 kr 884,00 kr

Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år 1915 2015 fortel historia om korleis eit avsides bondesamfunn i Sogn på nokre år vaks fram til eit moderne industrisamfunn. Her ligg ei spennande og interessant historie om korleis vasskrafta vart nytta til å byggje opp eit aluminiumsverk, eit verk som i dag er det eldste i Noreg som framleis er i drift. Dei fremste norske arkitektane i Noreg teikna ein by som i slutten av 1930-åra vart karakterisert som «Norges vakreste industriby». Folk strøymde til frå ulike delar av landet og forma sin eigen dialekt og sin eigen kultur. Dei siste tiåra har vore prega av ein stadig kamp for å halde oppe arbeidsplassar og samfunnsfunksjonar. Mesteparten av bygningsmassen som vart sett opp i dei åra då industrien vart etablert står framleis, og Høyanger er i dag eit levande industrisamfunn mellom fjord og fjell med aluminiumsfabrikken i sentrum. Dette er historia om bedrifta og staden. Korleis prega klassekamp og motsetningar industrisamfunnet? Korleis ordna ein