Kan eit kor kvede? Dette spørsmålet er heile grunntanken for utgjevinga Ved myrke midnattstid. Vokalensemblet Multa Paucis er eit kor som gjennom mange år har arbeidd med den vokale tradisjonsmusikken, og møter denne med opne øyrer og eit ærleg ønske om å skape eit kor av og med kvedarar. Kvedarar i kor. Dette har også blitt Multa Paucis sitt varemerke. Med Ved myrke midnattstid håpar dei at dei kan vere med å vidareføre den vokale tradisjonsmusikken, og kanskje skape nokre nye uttrykk på vegen. Saman med seg på produksjonen har dei fått folkemusikkgruppa Kvarts som bidreg på fleire av spora