Hovudpersonen i denne romanen har leita etter stoff om foreldra sine og deira ungdomstid. Boka er eit tidsbilete og ei familiekrønike, ei skildring av to norske tidsepokar, krigsåra og etterkrigstida fram til 1962, det året då forteljaren sjølv blei unnfanga. Som skilje mellom dei to tidsbolkane, fortel forteljaren tre kortare historier der han skildrar seg sjølv og si eiga interesse for undersøkinga. Dette gir også boka karakter av å vere eit sjølvutforskingsprosjekt. Frittståande oppfølgjar til Livingstones retrett (2003).