Velsigne kjeften din, prest
Dette er sunnmøringens karakter og lynne, slik han kjem fram i humoren. Her er alt med: liv og død, bedehuset, presten, Vårherre, ølet og kjønnslivet, arbeidslivet, havet og heia. VELSIGNE KJEFTEN DIN, PREST er eit utval av historiene til ein av dei mest folkekjære forteljarane på Sunnmøre, med eit nyskrive kapittel til denne samlinga. Ingen treng vere i tvil om at Ivar Grimstad er glad i sunnmøringen. Men liksom folket sjølv har han både ein og fleire revar bak øyret.