Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt. Venninnene Kami og Ingrid har hemmelege ting på gang som ho ikkje får vite om. I hytteområdet skjer det innbrot og valdtekt, og jentene blir dratt inn i etterforskinga. Bente får ei bildemelding som tyder på at ein eller annan følgjer godt med på alt dei gjer. Dessutan er det vanskeleg å forstå om Marius eigentleg er forelska i henne.