Humoristiske og originale tilstandsrapportar. Vi har så korte armar er ei svært humoristisk og original forteljing om Ølgjer og Liv, om å vekse opp på ein liten plass, kome til ein litt større by og å leite etter kjærleiken. I Skoddeheimen er det fint å bu, synest dei som framleis bur der. Men Ølgjer og Liv har reist derifrå, dei vil begge til byen. Der treffer dei kvarandre, har eit forhold og går frå kvarandre igjen, og formidlar gjenkjenneleg studenttid og skrå tilbakeblikk til sin bondske oppvekst.