Vidareutdanning i lys og skugge
Den nye samlinga dikt og prosa frå Eva Jensen består av nærbilete frå kvardagen til ein diktar, observasjonar av nærmiljø, arbeidsliv, reiser og natur. Det nordnorske landskapet står sentralt, men reisene fører oss ut i Europa. Dermed skapar tekstane eit spenn mellom heimkjensle og heimløyse, mellom det store og det små. Jensen har eit omsorgsfullt blikk for detaljar: dei minste ting og dei minste rørsler blir rekna med, og minne om barndom, slekt og venner blir løfta fram som fragment av eit stort livsbilete.