Vidunderlege Vera av Siri M. Kvamme er ein roman breddfull av liv og lyst, kjærleik og løgner, humor og varme, rør og opprør, latter og reinspikka desperasjon.I Vrangdal sit Vera i billettluka på den lokale svømmehallen og håper at nokon i kommuneadministrasjonen skal døy. Eller gå av med pensjon. Ho er ikkje ondskapsfull, berre desperat. Og det med god grunn, skal det vise seg.