Årets fyrste Vinduet reiser til Balkan, Midtausten og Svalbard - og sjølvsagt på kryss og tvers av litteraturen.I denne utgåva av Vinduet kan du mellom anna lese ei nyskriven reiseskildring signert Nils Henrik Smith, og om Carline Tromp si reise i fotefara til den nederlandske forfattaren Arnon Grunberg i Midtausten og Polen. Også fleire av dei andre tekstane i dette nummeret har reisa som motiv, ikkje minst skriv Kåre Bulie og essayisten og reiseskildraren Tor Eystein Øverås, og Ole Robert Sunde skriv om sitt vintereksil på Svalbard.Av andre, meir kortreiste bidrag kan Ida Jackson sin brannfakkel av ein tekst om stoda til den norske ungdomslitteraturen nemnast. Når det vert utgitt så mange vaksenbøker som strengt tatt kunne vore ungdomsromanar, og når det finst så mange ungdomsromanar som hadde fleire lesarar og meir kritisk merksemd, er det på tide å bryte ned skiljet mellom «ung» og «vaksen» i bokhylla, slår Jackson fast.Dessutan skriv Hedda Lingaas Fossum