Vinduet markerer sin 75. årgang - og siste utgåve på papir. Eit dobbeltnummer, ei jubileumsutgåve og ein siste seglas med Vinduet som papirskute - Vinduet nr. 1+2/2021 er langt frå eit ordinært eksemplar av Gyldendals tidsskrift for litteratur!Ei rekke tekstar i dobbeltnummeret gjer nedslag i Vinduets eigen historie, både i form av nærlesingar av einskildnummer og tematiske djupdykk. Tonje Vold les Vinduet i eit postkolonialt perspektiv, Martin Lundell ser på bladets visuelle historie, Sissel Furuseth ser på Vinduets plass i Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle - og fire tidlegare Vinduet-redaktørar møtest til samtale om deira tid på Sehestedsplass, og om litteraturkritikkens oppgåver no og i framtida. På kva måte digital teknologi og endringar i folks lesevanar påverkar no- og framtidas litterære produksjon går som ein raud tråd gjennom fleire av nummerets tekstar, anten det er Tor Eivind Øverås' betraktingar om den norske romanen i strøymeteknologiens hundreår, Kari Spjældnes' blik