Årets andre Vinduet, med tekstar om fotball-VM, aids og kroppslege tilnærmingar til litteraturen - mellom anna! Årets andre utgåve av Vinduet er i butikk 14. juni! At dette er same dag som fotball-VM tek til i Russland, vert markert med Nils Henrik Smith sitt essay om VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad og kva desse betydde for ein tretten år gamal fotballskribent in spe. Utgåva byr elles på tekstar om litterære framstillingar av aids-epidemien, ung tysk samtidslitteratur og minnestadene etter 22. juli - mellom anna. Fleire av tekstane kjem òg inn på samspelet mellom litteratur, kropp og kjensler. Blant forfattarane det vert skrive om, finn me israelske Yoram Kaniuk, amerikanske Lidia Yuknavitch, ungarske Szilàrd Borbély samt norske Kjartan Fløgstad (som i år kan feire 50 år som forfattar). I tillegg kjem enquete om krisa i Svenska Akademien, ekfrase av Ingvild Lothe, jubileumshelsing frå Audun Vinger, biletserie av Inga Sund Hofset, meldingar og