Haustnummeret hoppar fram og tilbake mellom kunstartane, og mellom litteraturen og naturen. I Vinduet nr. 3/2019 kan du mellom anna lese om Karl Ove Knausgård sitt etter kvart omfattande virke som kunstskribent, om Anna Kleiva si ferd gjennom den californiske ørkenen på jakt etter meir eller mindre letttilgjengelege kunstinstallasjonar, og om nye blikk på Edward Hopper sin kunstnarskap. Gunnhild Øyehaug skriv om sex, kiosklitteratur og den amerikanske forfattaren Mary Ruefle, og har dessutan gjendikta det som er «den beste teksten om sex som nokon gong er skrive», Ruefles prosadikt «Snø». Det er, i det heile tatt, ei utgåve der dørene fører ut av, like mykje som inn mot, litteraturen. Øyvind Rimbereid har vitja Nasjonalgalleriet før det stengde dørene, med tre nyskrivne dikt som resultat. Kim Klev drøftar Linton Kwesi Johnson sitt forfattarskap, som er uløyseleg bunde saman med reggaekulturen og den musikalske arva frå Karibien. Espen Stueland ser på Carl Frode Tille