menu-bar All the categories

180,00 kr

Vinduet går fortida, samtida og framtida etter i saumane i årets siste utgåve. Ei rekke av tekstane i bladet tek for seg dystopiske versjonar av framtida. Aldous Huxleys Fagre nye verden viser seg å vere urovekkande relevant for dagens distraksjonsvelde, som Johanne Fronth-Nygren skriv, medan Eivind Buene finn frampeik om informasjonssamfunnets utfordringar hjå David Foster Wallace. Eit fyldig intervju med egyptiske Basma Abdel Aziz gjev eit gløtt inn i arabisk litteratur etter den arabiske våren, som ikkje minst er prega av framtidsvisjonar av det mindre optimistiske slaget. Meldingsseksjonen innheld på si side meldingar av meir eller mindre dystopiske skrifter av Mads Rage, Andrzej Tichý, Kaspar Colling Nielsen - og Steffen Kverneland. Frå samtida kjem det også rapportar frå ein heilaftan med instagrampoeten Rupi Kaur, om haustens feministantologiar, om konspirasjonsmaskineriet Qanon - og ikkje minst er fire norske forfattarar samla til ein samtale om norsk litteratur i