Vinterhjerte er ein roman om å miste nokon, for så å miste seg sjølv. Det er også ein erotisk roman, ein roman om å sjå og bli sett. Liv og Endre bur på ei vintervakker øy i Nord Noreg med dei to barna sine. Ein dag rygger Endre over dotter deira Marte og livet vert aldri det same. Liv kan ikkje tilgje Endre og flyktar inn i eit erotisk forhold til mannens bestekamerat, Egil. Liv si søster, Lea, bur i etasjen over og ser alt. Ho nyttar høvet til å kome nærmare Endre.Den dempa lyden av galopperande hestehovar mot hardpakka snø og øksa som høgg inne i skogen, dannar det pulserande lydsporet i denne medrivande forteljinga om sorg og kjærleik.