menu-bar All the categories

349,00 kr 305,00 kr

I 1910 braut det unge fiolintalentet Ingvald Kristian Eriksen Varhaugvik opp frå heimplassen på øya Gossen i Ytre Romsdal. Han reiste til Amerika, vart populær musikar, pedagog og komponist og endra namnet sitt til Ingwald Wicks. Med kona Ruby, også ho dyktig musikar, fekk han døtrene Virginia og Camilla. Virginia dreiv stort som agent for mange kjende jazzmusikarar. Camilla vart stjernefiolinist og professor med suksessrike konsertar og lange turnéar i fleire land, også Norge. I denne boka følgjer vi familien gjennom oppturar og nedturar. I 1953 skriv Ingwald til Virginia: Eg fattar ikkje kva eg har gjort som gjer meg fortent til to så dyktige døtre som deg og Camilla. Lite visste eg då eg kom til dette landet som ein fattig, ung emigrant at eg skulle møte og gifte meg med ei slik vakker kvinne som mor di - og på toppen av det heile bli velsigna med to så ekstraordinært flotte døtre. Gud har vore meir enn god mot meg.